TROLLMENN  

 

 


"Den fyrste tanken"
måleri: Bjørnar Aaslund
Den fyrsten tanken - måleri: Bjørnar Aaslund
«Lykta»
måleri: Bjørnulf Dyrud
Lykta - måleri: Bjørnulf Dyrud

 

TROLLMENN

Pressemelding Juni 2017

NYNORSKBANDET TROLLMENN FRÅ HAMAR HAR SLEPT TO SINGLAR

Den fyrste tanken (tekst: Olav H. Hauge, musikk: Jens Haugan) – (ISRC NOXQV1701021)
Lykta (tekst: Jens Haugan, musikk: Haugan, Myhrer, Nås, Vestby) – (ISRC NOXQV1701011)
Singlane kan høyrast på alle dei vanlege digitale strøymingsplattformene, som t.d. Spotify o.l.

Trollmenn er: Jens Haugan (gitar og vokal), Runar Myhrer (trommer og vokal), Ketil Einar Nås (bass og vokal), Stian Vestby (gitar).

Trollmenn er eit rockeband frå Hamar som blei starta i 2011 av Jens Haugan, som tidlegare hadde eit band med same namn i Trondheim (2005-2007). På Hamar fekk Jens med seg bassisten Ketil Einar Nås, og seinare kom gitaristen Stian Vestby og trommeslagaren Runar Myhrer med, etter at Trollmenn først hadde ein annan gitarist og ein annan trommeslagar. Dei fire i den noverande konstellasjonen fann fort tonen og utvikla sin eigen stil som har blitt presentert på ulike konsertar og festivalar og på NRK Innlandsscena så langt.

Låtmaterialet til Trollmenn tok utgangspunkt i både engelske og norske songar som Jens Haugan hadde skrive som solist, men bandet valde etter kvart å profilere seg som eit reint «nynorskband». Trollmenn har låtar med tekstar av kjende norske lyrikarar som Olav H. Hauge, Olav Nygard, Olav Aukrust, Haldis Moren Vesaas, Åsmund Sveen og Randi Oppedal på repertoaret, som Jens Haugan hadde tonesett, men har i det siste jobba meir med å skrive musikk saman rundt tekstar av Jens Haugan.

Singelen «Den fyrste tanken» har tekst av Olav H. Hauge og musikk av Jens Haugan, mens singelen «Lykta» har tekst av Jens Haugan, inspirert av ei lykt på ein stabbursvegg i Folldal. Musikken blei skriven av trollmennene i fellesskap og har fleire kjende trekk frå det som har blitt den karakteristiske Trollmenn-stilen. Det er eit tydeleg skilje mellom den rolege, viseprega «Den fyrste tanken» og den meir rocka og psykedeliske «Lykta». Trollmenn vil med dette vise breidda i uttrykket sitt, der det kan gå frå det vare og rolege til det meir hardtslåande rocka og eksperimenterande. Samanlikna med dei låtane som Trollmenn presenterte på NRK Innlandsscena i 2015, ser ein at Trollmenn har blitt litt meir rocka i uttrykket. Dei to songane «Den fyrsten tanken» og «Lykta» blei spela inn hos Ørnulv Brun Snortheim i Dakkota studio på Hamar i april 2017. Måleria som blir brukte i samband med singelprofileringa, er laga av Bjørnar Aaslund («Den fyrste tanken») frå Lena (Oppland) og Bjørnulf Dyrud («Lykta») frå Ottestad (Hedmark). Jens Haugan hadde frå før eit samarbeid med desse to kunstnarane når det gjaldt kombinasjonen måleri og musikk.

Biografi
Jens Haugan (Hamar) har spela i ei rekkje band sidan 1980, men er kanskje mest kjend som tidlegare trommeslagar i progrockbandet Thule frå Honningsvåg i Finnmark, der han spela slagverk på den første LP-en til bandet i 1986. På 1990-talet byrja Jens å skrive viser med utgangspunkt i nynorske tekstar, mens det tidleg på 2000-talet blei meir rockelåtar med eigne tekstar på engelsk og soloutgjevingar. Dei seinare åra har han nesten utelukkande skrive tekstar på nynorsk. Jens opptrer åleine med song og gitar innimellom og har også prosjekt der han lagar musikk til ulike kunstuttrykk. Elles er han også gitarist i bandet Paddy's Underground Party People, som spelar irsk og skotsk tradisjonsmusikk. Jens Haugan jobbar til dagleg som dosent i norsk språk ved Høgskolen i Innlandet
og er ein kjend «målmann» lokalt og nasjonalt. Han er også kjend for songen «Ivar Aasen var ein travel mann».

Runar Myhrer (Moelv) bidreg med drivande trommerytmar og koring i Trollmenn. Han har tidlegare spela bass i blant anna poporkesteret Pullover og har lang erfaring som trommeslagar i fleire typar band og samansetningar. Runar spelar trommer og korar i country- og bluegrasskollektivet Country Dagger, der Stian Vestby er gitarist og vokalist, og i julepunkbandet Xmas Massacre.

Ketil Einar Nås (Hamar) hadde lang fartstid innan ymse danseorkester på Hedmarken før han flytta til hovudstaden og blei med i Kaptein Tordenbrak, som gav ut CD-en «UT» med radiohiten «Gen f eks». Seinare flytta Ketil tilbake til Hamar der han fekk kontakt med Jens Haugan på Facebook i 2011. Jens og Ketil starta bandet Trollmenn der etter kvart også Stian og Runar blei med. Ketil korar og lagar suggerande komp saman med trommeslagaren Runar. I fritida vikarierer Ketil i det lokale bandet Blåholke.

Stian Vestby (Hamar, snart Brumunddal) har blant anna ei fortid som låtskrivar og gitarist i indierockbanda Cortez og The Arhats. Ved sida av jobben som sologitarist i Trollmenn komponerer og framfører Stian også elektronisk musikk. Stian er elles også vokalist og gitarist i bandet Country Dagger, som har hatt ei lovande utvikling den siste tida.

TROLLMENN
Nettside: www.trollmenn.no
Facebook: https://www.facebook.com/Trollmenn-287907931223117/
Kontakt: trollmenn@trollmenn.no

Trollmenn Tangenrock 2016